Norway

 

Norway pictureLuster kommune er ein av seks partnarar i det treårige Erasmus+- prosjektet RECEPTION – Role of Early Childhood Education in Positive Transition/ Induction Outcomes for New pupils. Sentralt i prosjektet står overgangen barnehage–skule og korleis ein skapar kvalitet i opplæringa heilt frå starten i skuleløpet både når det gjeld det faglege og det sosiale.

Det er den irske partnaren, Clare Education Centre, som er koordinator for prosjektet. Forutan Clare Education Centre i Irland og Luster kommune i Noreg så deltek Albertslund kommune i Danmark, Langholtsskóli i Reykjavik på Island, skulen Gornja Stubica utanfor Zagreb i Kroatia og direktoratet for barneskular i vestre Thessa loniki i Hellas.

Det  er lagt opp til samlingarog   kurs  hjå  kvar  av partnarane. Luster står som vertskap for samlinga i mai 2019. I Luster det dei fem oppvekstsentra – dvs. kombinerte barnehagar og barneskular – Solvorn oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter og Skjolden oppvekstsenter som deltek i prosjektet. 

Print